• Ervik kyrkje er ei lita langkyrkje i mur, oppførd i 1970. Teikningane til kyrkja vart påbyrja av arkitekt Arnstein Arneberg og vidareførde av arkitekt Olav Platou då Arneberg døydde i 1961. Klokketårnet mot vest har laukkuppel. Ervik kyrkje ligg langt ute på Stadlandet i Selja kommune og er bygd på den gamle kyrkjegarden frå 1500-talet. Kyrkja hadde status som kapell fram til Ervik vart eige sokn i 1997.

Ervik kyrkje vart bygd som eit minnekapell over dei omkomne etter forliset av hurtigruteskipet Sanct Svithun i 1943. Skipet vart søkkt av engelske jagarfly, som trudde det var tyske soldatar om bord. 50 menneske drukna, medan 78 vart redda etter innsats frå lokalbefolkninga. Skipsklokka til Sanct Svithun heng i dag i klokketårnet i kyrkja.

Kyrkjerommet er einskipa og rektangulært og med korparti i same høgd og breidd. Veggene er i kvitmåla teglstein. Altaret står på ei lita forhøging. Kyrkjerommet har fleksibel løysing med lause jærstolar i staden for kyrkjebenker og med foldedører mot tilstøytande rom, slik at rommet kan utvidast i lengda. Altartavla er ein mosaikk laga av Kalla Skrøvseth i 1979. Motivet, som er inspirert av det tragiske forliset i 1943, viser ei kvinne som klamrar seg til ein kross. I bakgrunnen siglar ein båt i stor sjø.

Kjelder:
Rasmussen, Alf Henry: Våre kirker. Norsk kirkeleksikon, Kirkenær 1993
www.sffarkiv.no
    Photo: Hovedorganisasjonen KA

Ervik kyrkje

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to